Vinterkampanje - Konferanseopphald

I vinter feirar me 12 nye hotellrom og flotte konferansedagar kan opplevast til ekstra gode prisar på Stord Hotell. Kvar torsdag til fredag har me satt saman ein konferansepakke med dei viktigaste ingrediensane for eit vellykka møteopphald. Lat oss ta detaljane, slik at du som vår gjest kan fokusera 100% på innhaldet.

Me har 9 fleksible møterom i ulike storleikar, som kan ta imot alt frå to til 350 personar. Våre møterom er velutstyrte og i tilknyting til dei er det hyggelege pauseområder der nytrekt kaffi med søte eller friske freistingar vert servert.

 

Me kan tilby eit rikhaldig lunsjbord og ein smakfull 3 rettars konferansemiddag. Me har flotte fasilitetar med restaurant, lobbybar og pianobar med levande musikk. Hotellets symjebasseng, sauna og solarium, samt vårt nye treningsrom er sjølvsagt fritt tilgjengeleg for alle våre gjestar.

 

Konferansepakka inkluderar:

> Møterom med standard AV-utstyr

> Trådlaust wifi til alle deltakarar

> Kaffi/te/isvatn tilgjengeleg heile dagen

> Frukt ved møtestart

> 2-rettars lunsj eller lunsjbuffet

> 3-rettars middag

> 1 overnatting i standardrom inkludert frukost

> Parkering 

 

Pris per person i enkeltrom:    1645 kr

Pris per person i dobbeltrom:  1345 kr

 

Oppgradering til business- eller superiorrom 200 kr per rom

 

For dei som ønskjer ei avveksling frå fagleg innhald, kan me blant anna tilby vinsmaking eller cognacsmaking i hotellets vinkjellar. Det er og fleire aktivitetar i nærområdet. Kva med rebusløp i Leirvik sentrum, teambuilding på Lundstre Gard eller ein gøyal quizrunde? Me er behjelpelege med råd, tips og tilrettelegging.

 

Vilkår:

- Prisane gjeld for arrangement torsdag - fredag i januar – mai 2018, kor 15 eller fleire deltakarar overnattar.

- Kampanjen gjeld t.o.m. 28. februar 2018.

- Kampanjen gjeld ved ledig kapasitet på hotellet. Her gjeld det å vere tidleg ute.

- Oppgje tilbodskode VK282 ved bestilling.

- For bestilling fyll ut vårt førespurnadsskjema og send inn, eller kontakt vår bookingavdeling på tlf. 53 40 25 04 eller send e-post til ragnhild.saue@stord-hotel.no

Tilbake

Nyheitsbrev

Registrer deg for å motta nyhende og tilbod fra oss.