Bryllaup

Stord Hotell har lang erfaring som vertskap for bryllaup i alle storleikar og me dekker gjerne opp til fest i eit av våre hyggelege selskapslokale. Detaljar er viktige i høve store feiringar, og våre tilsette gjer alt for å legga til rette for at denne store dagen skal bli ei uforgløymeleg oppleving. Me ordnar med oppdekking, blomar og servering. Alt de treng å tenkje på er å ta med bordkort og hyggelege gjester.

Brudepar med gjester er hjarteleg velkomne til bryllaupsfeiring på Stord Hotell heile året. Me har 161 flotte rom med gode senger til hyggelege prisar om de får gjester langvegsfrå som treng overnatting. Me spanderer brudesuite med ei hyggeleg helsing frå oss, og frukost på rommet dagen etter bryllaupet ved bryllaup på minimum 50 gjester.

 

Ein kan anten velje frå vår velsmakande bryllaupsmeny eller saman med vår kjøkkensjef skreddarsy ein meny etter eige ynskje. Aperitiff, vin til middag og avec vert avtala med vår restaurantsjef. Me kan tilby eit rikt utval av vin i ulike prisklassar. Me inviterer brudepar til prøvesmaking av den valde bryllaupsmenyen, med tilhøyrande vinar ved tinga bryllaupsfeiring.

 

Her kan du laste ned vår bryllupsmeny

 

Her kan du laste ned vår kakemeny

 

For ytterlegare informasjon, vising av selskapslokale eller eit uforpliktande tilbod ta gjerne kontakt. Me er å treffe på                  tlf 53 40 25 00 / booking@stord-hotel.no De kan også kontakte oss ved å bruke vårt forespørselsskjema.

 

Kontakt oss god tid i forvegen for å sikre datoen de ynskjer for bryllaupsfesten.

 

Takk for di henvending! Me tek kontakt snarast.

Vennligst fyll inn obligatoriske felt

Ein feil oppstod

Nyheitsbrev

Registrer deg for å motta nyhende og tilbod fra oss.