Våre fasilitetar

Stord Hotell har ei rekkje fasilitetar som me kan tilby våre gjester:

 

Kurs & Konferanse

Me har stor konferanseavdeling der me kan tilby 10 fleksible møterom i ulike storleikar. Om du planlegg eit lite møte for to eller ein stor konferanse for 280, har me eit lokale som passar!

 

Restaurant

I vår hyggelege restaurant i 1. etasje vert vår gode hotellfrukost og lunsj til konferansegjester servert. Frå kl. 17:00 (man-laur) har me både ein smakfull á la carte meny og dagens 3-rettars meny å tilby.

 

Barar

Hotellet har eigen lobbybar og pianobar i 1. etasje. Her kan du slappa av med dagens avis eller ei god bok og ein kopp kaffi eller noko anna godt å ha i glaset.

 

Vinkjellar

I vår stemningsfulle vinkjellar kan du delta på uformelle vinsmakingar eller cognackurs med våre ekspertar. Me tek deg gjerne med på ei omvising neste gang du vitjar oss.

 

Symjebasseng og badstu

Me har eiga avdeling der alle våre gjester kan ta ein forfriskande dukkert i bassenget, slappe av i badstua, eller friske opp brunfargen i solariumet.

 

Treningsrom

I februar 2014 fekk me nytt treningrom på hotellet. Treningsrommet er i 4. etasje i hotellet sitt hovudbygg og utstyrt med både kondisjons- og styrkeapparat. Alle våre gjester kan sjølvsagt fritt nytte seg av dette.

 

Parkering

Me har over 150 parkeringsplassar og alle våre gjester parkerer gratis.

Våre tilbod

Nyheitsbrev

Registrer deg for å motta nyhende og tilbod fra oss.