Stord Hotell

Stord Hotell er eit naturleg startpunkt anten ein reiser i jobbsamanheng eller for å oppleve Sunnhordland sin natur og kultur. Hotellet opna i 1971, og har sidan då vore utbygd i fleire trinn, seinast i 2010. I dag framstår Stord Hotell som eit moderne forretnings- og konferansehotell med sjarm og særpreg. Hotellet har i dag 161 rom av ulik storleik og standard, samt 10 fleksible konferanserom med kapasitet til inntil 280 personer. Me kan og by på ein stor parkeringsplass der det er gratis å parkere og restaurant med alle rettar.

 

Uansett årstid eller tid på døgnet vert du møtt med ein lun og triveleg atmosfære på Stord Hotell. Me ynskjer alle våre gjester ein betre kvardag, anten du reiser i jobb eller på fritida, er på kurs eller konferanse, eller har noko å feire.

 

Frå måndag til laurdag byr me kvar ettermiddag våre gjester på frisk frukt og noko å bite i, og du kan forsyna deg med ferskbrygga kaffi og te heile døgnet alle dagar.

 

 

Våre tilbod

Nyheitsbrev

Registrer deg for å motta nyhende og tilbod fra oss.