Vår restaurant

I vår hyggelege restaurant i 1. etasje vert det servert frukost og middag. Her får du også servert lunsj i samband med kurs og konferansar.

 

For mange er hotellfrukosten eit høgdepunkt og me serverer ein velsmakande og delikat frukostbuffé for at våre gjester skal få ein god og energirik start på dagen. Frukosten er sjølvsagt inkludert i romprisen.

 

Opningstider frukost:

Måndag – fredag: 06:30 – 10:00

Laurdag – sundag: 07:30 – 11:00

 

Til middag tilbyr me ein smakfull à la carte meny, samt ein dagens 3-rettars meny. Ikkje buande gjester er også velkomne til å nyte eit betre måltid i restauranten. Det er og høve til å reservera for selskap eller fest i vår restaurant.

 

Kvar måndag - laurdag frå 13. nov. og fram til jul serverer me herleg julemat i vår restaurant. Vårt stolte kjøkken har satt samen ein à la carte meny med smakfulle juleinspirerte retter.

 

Vår julemeny kan du sjå her

 

Opningstider restaurant:

Måndag – laurdag: 17:00 – 22:30

Sundag: Stengt

Nyheitsbrev

Registrer deg for å motta nyhende og tilbod fra oss.