Våre konferanserom

Fordelt på hotellet sitt hovudbygg og nybygg frå 2010, tilbyr me totalt 9 møtelokale i ulike storleikar. Alle våre møterom inneheld dagens krav til standard AV-teknisk utstyr, har dagslys og trådlaust internett. Namna har møteromma fått etter kjende norske oljefelt og plattformar.
 
Hotellet sine møterom og konferansesaler er utstyrte med prosjektor, lerret, lyd til PC og mikrofon/mygg. Samtlege møterom er utstyrte med smartboard, whiteboard eller LCD-skjerm. Me kan også tilby flippover og overhead om dette er ynskjeleg. Trådlaust internett og parkering er sjølvsagt gratis for alle deltakarar.

Gjøa

Med storslått utsikt over Sunnhordlands fjord og fjell, er Gjøa ein av våre mest populære konferansesalar.

 

Kino: 120 | Klasserom: 90 | U-bord: 25 | Gruppebord: 72 | m2: 147    
 
 
 

Barents

Barents er eit populært møterom i 9. etasje i hotellet sitt nybygg med store vindauge og storslått utsikt over Sunnhordland.

 
Styrebord: 10 | m2: 18

Troll A

Nytt og lyst møtelokale i 1. etasje i hotellet sitt nybygg. Ein skyvevegg kan opnast inn til Troll B.

 

Kino: 60 | Klasserom: 48 | U-bord: 25 | Gruppebord: 32 | m2: 62    

Troll B

Nytt og lyst møtelokale i 1. etasje i hotellet sitt nybygg. Ein skyvevegg kan opnast inn til Troll A.

 

Kino: 60 | Klasserom: 48 | U-bord: 25 | Gruppebord: 32 | m2: 62  

Åsgard

Åsgard er eit triveleg og lyst møterom i hotellet sitt nybygg med store vindauge som slepp inn godt med dagslys.

 

Styrebord: 12 |m2: 28

Kristin

Dette er eit lyst og triveleg møterom i hotellet sitt nybygg. Passar mellom anna godt til grupperom.

 

Styrebord: 8 | m2: 20

Valhall

Dette er vår største konferansesal og eit populært valg når større messer, kurs eller konferansar vert arrangert. Nylig renovert og utvida!

 

Kino: 325 | Klasserom: 200 | U-bord: 28 | Gruppebord: 120 | m2: 346

 

Oseberg

Vår nest største konferansesal er eit godt utgangspunkt for større møter og konferansar.

 

Kino: 200 | Klasserom: 150 | U-bord: 28 | Gruppebord: 96| Styrebord: 20
| m2: 240   

 

Styrerommet

Eit hyggeleg og triveleg møterom i hotellet sitt hovudbygg som høver til mindre møter.

 

Styrebord: 12  | m2: 40