Kurs & Konferanse

Stord Hotell har det som trengst for vellukka kurs og konferansar. Me har 10 fleksible og godt utstyrte møtelokaler i ulike storleikar fordelt på over 950 m². Anten du planlegg eit personleg møte for to, eller ein stor konferanse for 280 deltakarar, så er Stord Hotell staden for ditt neste møte.

Dei fleksible møteromma har gode planløysningar og er utstyrte med alt du treng av tekniske fasilitetar. Her er alt tilrettelagt for ei profesjonell gjennomføring. Hotellet sine hyggelege og erfarne medarbeidarar er sjølvsagt tilgjengelege heile tida og gjer sitt aller beste for at kurset eller konferansen vert inspirerande. Vårt mål er å gjera våre konferansegjester så nøgde som råd er. Uansett kva type konferanse du er ute etter; me kjem opp med ei god løysing!

 

I løpet av kurset eller konferansen har våre gjester tilgang til ferskbrygga kaffi, te og vatn. Vårt store og smakfulle lunsjbord har eit stort utval av kalde kjøt-, fiske- og skalldyrrettar, salatar og dressingar samt fleire varmrettar, dessertbord, kaffi og te. 

 

Det faglege innhaldet står de for sjølve, men resten kan me ta oss av. Om ynskjeleg kan me sørgje for heile planlegginga av ditt arrangement, og ordne alt frå transport til opphald, aktivitetar og utflukter. Saman med våre samarbeidspartnarar kan me tilby eit vell av aktivitetar utanfor hotellet sine veggar. Havrafting, leirdueskyting, båtturar, golf og omvising i kunstgalleri er berre nokre døme på dei spanande aktivitetane Sunnhordlandsregionen har å by på. Her på hotellet kan me i vinkjellaren arrangere ei triveleg stund med vin- eller congacsmaking før middagen vert servert om de ynskjer eit avbrekk i møteverksemda.

 

Beliggenheten, topp mat og lang erfaring som vertskap er nokre av årsakene til at gjestene våre stadig vender tilbake. Kontakt oss for eit uforpliktande tilbod!

 

Stord Hotell – den gode møteplassen mellom Bergen og Stavanger!

Takk for di henvending! Me tek kontakt snarast.

Vennligst fyll inn obligatoriske felt

Ein feil oppstod

Nyheitsbrev

Registrer deg for å motta nyhende og tilbod fra oss.