Julebord på Stord Hotell

I fleire år har me skapt julestemning, og me gler oss til å invitere våre julebordsgjester til eit julepynta hotell også i år. Kvar fredag og laurdag frå 25. november til 16. desember er det duka for julebord på Stord Hotell. Hos oss kan du nyte vårt store, innbydande og velsmakande julebord. Vårt tradisjonelle julebord består av varme og kalde rettar, dessert- og kakebord med søte freistingar. Her finn du alt du kan tenkje deg av julemat – og litt til! Me kan mellom anna tilby pinnekjøt, pølse og spekemat frå Åkrafjorden, sprøsteikt svineribbe, sjøkreps og andebryst. På vårt velfylte julebord kan me i tillegg freiste med herleg kongekrabbe og ferske reker. Me tek vare på våre gode, norske julemattradisjonar!

 

Etter eit festlig og godt måltid vert det spela opp til dans i storsalen vår Valhall. For 4. året på rad gler me oss til å presentere SPLINT som kjem her for å lage kanonstemning. Bandet vart etablert i 2012 og består av solide og dyktige musikarar. Dei har på kort tid fått særskild rosande omtaler. Her kan me garantere at det kjem til å rykke kraftig i dansefoten! Det vert og livlig ut i dei små nattetimar med levande musikk i vår pianobar.

 

JULEBORD:

Fredagar:   850 kr per person

Laurdagar: 950 kr per person

Inkluderer heilaften med aperitiff, stort julebord med nydeleg mat, dans til SPLINT, levande musikk i vår pianobar og fri garderobe.

 
 

OVERNATTING MED JULEBORD:

Fredagar:

Frå 1695 kr i standard enkeltrom

Frå 1395 kr per person i standard dobbeltrom

Laurdagar:

Frå 1995 kr i standard enkeltrom

Frå 1595 kr per person i standard dobbeltrom

Inkluderer ein overnatting med julefrukost, aperitiff, stort julebord med nydelig mat og dans til SPLINT fredag eller laurdag.

 

JULEBORDWEEKEND:

Frå 3395 kr i standard enkeltrom

Frå 2595 kr per person i standard dobbeltrom

Inkluderer overnatting fredag-sundag med julefrukost, 3-retters middag fredag, samt aperitiff, stort julebord med nydelig mat og dans til SPLINT laurdag.

 

Vær tidleg ute med bestilling av årets julebord - Dei mest populære helgane vert fort utselt!

 

For bestilling send førespurnad her eller kontakt vår bookingansvarleg på ragnhild.saue@stord-hotel.no eller tlf. 53 40 25 04

 

Velkomen til førjulskos på Stord Hotell!

Nyheitsbrev

Registrer deg for å motta nyhende og tilbod fra oss.